LINKNAVN LINKNAVN LINKNAVN LINKNAVN LINKNAVN LINKNAVN

Då EG var ung...

I går såg eg ein gjeng på bybanen som UMOGLEG kan ha vore eldre enn 9-10-11 år (alder er så vanskeleg å fastslå når folk er i den...alderen) samtlege av dei hadde enten Acneskjerf eller Canada Goose-jakker og alle hadde kvar sin iPhone.
Då kjente eg at eg har blitt gammal. Skikkeleg gammal. For det første som slo meg var "Herreguuud, kva er det som skjer med dagens ungdom?!"
Ikkje fordi det nødvendigvis er noko gale med å ha Acneskjerf (Dersom nokon vil bruke 900 kr på EITT skjerf så er det greit for meg. Så lenge eg slepp å gjere det.) Det samme gjeld Canada Goose jakker. Det er ikkje noko gale med å ha iPhone heller, for den del.

Poenget mitt her er at det er så SJUKT forskjell på å vekse opp no samanlikna med korleis det var då eg vaks opp. Herregud, eg høyres ut som bestemor.

Kjære kids på 9-10-11 år: Dette innlegget er til dykk. Dette er eit innblikk i ei gløymt tid.

Hald dykk fast, det er på tide å høyre om gamle dagar.

Du, du der, som les dette på iPaden din.
Då eg var på din alder fanns ikkje ordet iPad ein gong. Åja, så du tykkjer det er sjukt. Ser du dei appane på iPaden din? Eller på iPhonen eller smarttelefon eller kva du no har? Ser du dei appane?
Det fanns ikkje apps då eg var ung.

Me surfa ikkje på iPad då eg var ung. Åneidu, me brukte sånne:

"Wtf det er jo sånne som står på museumet og støvar!" seier du kanskje no. Og kanskje har du litt rett.. Men det var dette me hadde. /Funfact - me hadde faktisk ikkje fungerande datamaskin eller internett heime før eg var 11 år. Og me klarte oss heilt fint! Funfact slutt./

På barneskulen eg gjekk på hadde me til og med "datatimar" der me lærte oss å skrive på word og å starte pcen og sånn. Og så lagra me masse ting på diskett.
"Diskett?"
 Åpne word. Sjå i venstre hjørne, heilt oppe der. Ser du den firkanta tingen du trykkar på for å lagre? Det er ein diskett. Det var det me brukte som minnepenn back in the days. Det var vel plass til kanskje tre worddokument på den. Good times.

Mobiltelefon var det berre dei aller mest bortskjemte som fekk då me var små. Eg fekk til dømes ikkje mobil før eg var 12 år. Og då fekk eg denne, som eg arva etter mamma:

Nokia 3510. Verdas beste mobil. Den hadde plass til ca 15 sms i innboksen før alle måtte slettast, og den hadde ikkje fargeskjerm. (Noko dei venninnene mine som hadde fått Nokia 3510i som hadde fargeskjerm stadig påpeika...) Den hadde heller ikkje internett. Eller kamera. Men den hadde space impact <3

Me klarte oss altså utan smarttelefonar. Og apps. Ingen snapchat, instagram, facebook, twitter. Nada.

Kleda som var ansett som kule (i alle fall på den barneskulen eg gjekk på, som riktignok ligg ganske så langt ut i huttaheita) var til dømes Adidasbukser med knappar langs heile sida. Noko litt anna enn kvite converse og jakker til over 5000.

Når me ein sjeldan gong brukte internett var det for å snakke med dei 10 kontaktane ein hadde på MSN. (For dei fleste på Osterøy vart ikkje MSN vanleg å ha før me var typ.. 11-12. Eller hugsar eg feil?)
(Viss du faktisk ikkje veit kva MSN er: google det. Og legg deg, du skulle antakeligvis ha vore i seng for lengst.)

Ein typisk MSN-samtale kunne sjå litt sånn her ut:

~*~*~*~ SNUPPAHHH HER~*~*~*~ sier: hei 

(H) (S) BRANN E BEST (S) (H) sier: hallo

~*~*~*~ SNUPPAHHH HER~*~*~*~ sier: sjer???

(H) (S) BRANN E BEST (S) (H) sier: ins dd

~*~*~*~ SNUPPAHHH HER~*~*~*~ sier: lite hehe

(H) (S) BRANN E BEST (S) (H) sier: ok brb

~*~*~*~ SNUPPAHHH HER~*~*~*~ sier: ok snx

Åhhh, herregud for nokre MINNER. For ei tid.

No er det sikkert mange av dykk som tenkjer "Okei, men dersom det faktisk ikkje hadde noko anna enn MSN og Snake og ta dykk til, kva gjorde de eigentleg på omg lol?"

 

Nei, kva gjorde me på då eg var 9-10-11 år?

Svaret er dønn lættis serr.

Me leika. Boksen går, bomgjømsel, ein to tre RØDT LYS.
Me klatra i tre. Me spelte kort. Me spelte ballspel (Ikkje eg då, for eg er eleeeendig i ballspel.)  
Me spelte korkspel, pog, gogos, pokémonkort.

(Omg HUGSAR de desse?!)

Nokon få heldige hadde også det som for den gjennomsnittlege 9 åring på den tida var den heilage gral:




Nintendo 64. 

Herregud, lurer på kor mange timar eg og ei venninne brukte på å spele MarioKart og og Super Mario 64. Herregud så gøy det var.

Andre foretrakk å spele f.eks Pokémon på Gameboy.


 

For ikkje å snakke om alt det gøye me kunne sjå på tv. Hey Arnold, Goosebumps, Powepuff Girls, Kykkelikokkos (ÅTTE EN FEM FIRE NI TRE NULL NULL <3)
Pluss dei sjuuuukt spennande ungdomsseriane som gjekk i sju-tida på laurdagskveldane. Johnny og Johanna, Reser, og den serien om dei ungdommane som rømte i ein båt etter at foreldra deira omkom i flystyrt.. Nokon som hugsar den?

Herlighet, eg blir så sjukt nostalgisk. Og eg som lova meg sjøl som kid at eg aldri skulle bli sånn "hugsar du det??? ååå tenk at det var sånn" som vaksen. Ops.

Eigentleg skulle innlegget handle om kor utruleg forskjellig det må vere å vekse opp no samanlikna med korleis det var for berre 10 år sidan. Etter å ha skrive dette her innser eg kor utruleg takksam eg er for at eg vaks opp då og ikkje no.
Den graden av kroppsfiksering og press på å sjå bra ut som det er no var ikkje like ille då eg var liten. Tør eg påstå. Eg sat ikkje som 10-åring og las bloggar der folk hadde fiksa på leppene og puppene og brukte masse sminke og photoshoppa utsjånaden sin. Eg samanlikna meg med ho kule på tv eller den penaste jenta i klassen, og det var det liksom. Me slapp også unna ein del av den hardcore nettmobbinga som desverre preger kvardagen til mange kids i dag. Me slapp også å vere redd for å bli filma i garderoben etter gymmen.
Og me slapp det konstante presset etter å få likes på sosiale medier. Me slapp å ha halve livet vårt liggjande ute på internett.

Tenk at me som er rundt 18-20 år i dag er dei siste som framleis på mange måtar fekk lov til å vere barn. Det er heilt vilt. Tenk at eg som berre 20 år kan sitte og mimre som ein gammal tulling om ei svunnen tid. GALSKAP.
Kjære kids i dag: de har kanskje meir fancy ting og enklare tilgang til omverda enn me hadde. Men de aaanar ikkje kva de går glipp av. 



Nostalgisk suss frå meg som offisielt har blitt 90 år mentalt :-*

 

 

PS! Det er sikkert mange som er på alder med meg som tenker ."...wtf" no fordi dei ikkje kjenner seg att i den barndommen eg skriv om. Forklaringa på det er enkel: eg vaks opp i ei bygd på ei øy. så det kaaan ha vore ein liten moglegheit for at me kanskje hang litt etter generelt sett, og derfor vaks opp på ein litt meir gamaldags måte enn dei som vaks opp midt i storbyen. Heia Osterøy!



15 kommentarer

Det store, skumle oppfølgingsblogginnlegget

Då eg natt til onsdag posta det forrige blogginnlegget mitt tenkte eg i mitt stille sinn at dersom eg fekk over 100 likes, slik som eg hadde fått på innlegget eg hadde posta før det igjen, så kom eg til å bli sjukt glad.

Så de kan jo tenka dykk korleis eg har det no. Innlegget har fått nærmare 15 000 likes. Det er heilt fullstendig vilt!! Bloggen ligg på 1. plass på blogglista, det hadde eg aldri på ein million år forventa. Eg er heilt overvelda. Av og til tenker eg at eg berre har innbilt meg alt saman.

Så det eg gjerne vil seie er: Tusen tusen tuuuusen takk til alle som har likt, delt, og ikkje minst tusen takk for alle dei utruleg fine kommentarane eg har fått både på facebook og her på bloggen. Eg er så rørt! Når folk skriv til dømes "tusen takk for at du sett ord på det eg føler" eller "du har nok ei lysande framtid som journalist framfor deg!" Då blir eg så glad at de anar ikkje.
Eg veit ikkje heilt kva meir eg kan skrive. Tusen, tusen takk. Verkeleg. Tenk at det finns så mange fine folk der ute <3

 Innlegget har jo fått godt over 100 kommentarar, og i byrjinga hadde eg planar om å svare på kva enkelt. Det gjekk fint heilt til eg vakna om morgonenen, sjekka bloggen og såg at det var kome nesten 40 kommentarar i løpet av kvelden/natta. Då tenkte eg eeeh okei ny plan.

Derfor vil eg gjerne svare litt generelt på ein del av det som har blitt kommentert.
Det ser kanskje ikkje sånn ut, men eg har faktisk aktivert førehandsgodkjenning av kommentarar etter ca dei første 20 kommentarane. Dei aller fleste valgte eg å godkjenne, fordi mange berre var hyggelige, og dei som var ueinige med meg har jo rett til det, så lenge dei var realtivt saklege og begrunna kvifor. 
Til sammen har eg vel kanskje sletta rundt 10 kommentarar eller noko? Ikkje så gale, med andre ord. Nokre fordi dei hadde såpass rasistisk innhald at eg ikkje vil ha det på bloggen og nokre gjekk på personangrep og det føler eg heller ikkje var vits i å ha i kommentarfeltet. Og så var det eit par kommentarar eg eigentleg ikkje hadde tenkt å godkjenne, som var av typen "du må skrive bokmål, ingen skjønner denne stygge dialekten din!!!" Men eg synes det er for morosamt til å ikkje dele, haha. Lo godt av dei. #sniknynorskifisering

 Det som har gått igjen i ein del kommentarar er at folk er ueinige med meg når det gjeld at vi ikkje har noko å frykte. Mange er oppriktig overbevist over at Norge kjem til å bli eit islamstyrt land dersom me ikkje set foten ned. Andre igjen innleier gjerne med at dei ikkje vil bli anklaga for framandfrykt, det synes dei er fordomsfullt av meg. Etter å ha innleia kommentaren med det, fortset dei gjerne med at dei fryktar eit framandkulturelt samfunn fordi me då mister det gode, gamle, trygge Norge. 

...

Kvar skal eg byrje? Til alle dei som tilsynelatande er så redde for snikislamifisering og meiner Norge kjem til å bli eit "sharialand" om nokre år, og kallar meg naiv fordi eg ikkje ser det; kvar i all verda får de det fra? Ikkje har de statistikk å vise til, ikkje fakta, alt er berre rykter og «sånn er det berre!» 
Det finnes riktignok ikkje nøyaktige tal på den religiøse tilknytninga Norges befolkning har, men SSB har gjort eit anslag og  funne ut at 
 antall muslimer i Norge ligg på eit tal ca mellom 100 000 og 185 000, det vil seie 2-4 prosent av befolkninga. 
Folk går med andre ord rundt og er redde for at 2-4 prosent av befolkningen av ein eller annan grunn skal ha ynskje om å kuppe heile landet og ta over makta? ...Jaha.
Eg har også registrert at mange har ein slags teori (mange påstår at det er fakta) som går ut på at i 2060 kjem det til å vere fleirtal av muslimar i Norge. 
Vel...
"I SSBs befolkningsfremskrivninger for 2060 antar vi at det blir 6,9 millioner mennesker i landet. Av disse antas 1,7 millioner å være innvandrere eller født i Norge med to innvandrerforeldre. Om lag 1 million av disse vil ha sin bakgrunn utenfor EU, det vil si at nærmere ½ million kan være muslimer i 2060. Dette utgjør bare 7 prosent av folkemengden."  
7 prosent der altså. Det var visst litt mindre enn over halvparten ja. 
(Kjelde: SSB via http://morgenbladet.no/ideer/2011/muslimsk_flertall_i_norge#.Unyj5fldBSI

Mange brukar også argumentet at innvandrarar, og då blir det spesielt referert til muslimar, krev at mellom anna korset fjernast frå både flagget, politibilar osv. I 2010 var det ein del rykter som gjekk om at korset i flagget muligens måtte fjernast på bakgrunn av ein rettsak i Italia, og dette har blussa opp igjen no grunna ein falsk artikkel på ei tullenettavis. Reaksjonen frå Islamsk Råd til saken i 2010 var: "Norge er et kristent land. At dette gjenspeiles i flagget synes jeg er uproblematisk." Her er dei verkeleg ute etter å fjerne korset ja. Etter eit par nyhetsoppslag av denne typen høyrde me vel ikkje noko særleg meir om det. (http://www.vg.no/nyheter/innenriks/artikkel.php?artid=10008625)
At riksvåpenet fjernast frå politibilane er i hovudsak eit resultat av fornying av designet. Ikkje grunna massiv protest frå våre nye landsmenn, som så mange hevder. (http://www.dinside.no/899959/riksvaapenet-er-borte-paa-de-nye-politibilene
Når det gjeld diskusjonen om at kors skal fjernast frå kyrkjegardar og gravstøtter så er det mange som har misforstått veldig. Det er bestemt at i Norge skal alle gravferder skje med respekt for avdødes livssyn eller religion. Derfor må ein del kapell og/eller bedehus som er tiltenkt å brukast av alle endrast for at dei skal vere såkalla livssynsfleksible eller livssynsnøytrale. Når Human-Etisk forbund har ytra ønske om dette, har dei med andre ord lova på si side utifrå kva eg har forstått. (Det er etter kva eg kan finne ut av ingen andre grupper utanom HEF som har ytra ynskje om å til dømes få fjerna kors frå kapeller, berre sånn for ordens skuld.)

Og så må eg berre få kommentere eit av kronargumenta; «Me er eit kristent land, basert på kristne verdiar!»
Den norske statskyrkja vart som sagt avvikla i 2012, og eit fleirtal av den norske befolkning anser seg ikkje som religiøse i det heile. Dermed blir det litt feil å seie at Norge er eit kristent land dersom me tenker på Norge "i praksis" (som vart ein rar setning) Sjølv om me baserer oss på både kristne og humanistisk verdiar vil eg tørre å påstå at det for det meste er humanistiske verdiar som i dag preger samfunnet vårt.

Eg kan til dels forstå at enkelte kanskje er bekymra (det vil ikkje dermed seie at eg synes dei har noko grunn til det, eller at eg forsvarer det) Norge ser nok annerledes ut no enn for f.eks 30 - 40 år sidan, og forandringar skremmer jo mange uansett kva det gjeld. Og ja, det har vore enkelte tilfelle der innvandrarar frå konservative religiøse miljø kjem med ytringar som kanskje kan virke litt voldsomme for etniske nordmenn som ikkje har kunnskap om deira bakgrunn. Men dei fleste innvandrarar tilpassar seg samfunnet vårt og kulturen vår, og då er det latterleg, urettferdig og ubegrunna å dra alle over ein kam og seie at "sånn og sånn er dei, alle som ein!" Det er uhyre respektlaust. I alle fall med tanke på kva "bekymra" nordmenn synes det er greit å lire av seg. Det er ein del ekstreme meiningar å spore blant der også, for å seie det mildt.

Når dette er sagt må eg understreke at eg meiner gjensidig respekt, slik mange pratar om, er kjempeviktig. Dersom menneske med forskjellige overbevisningar og forskjellig bakgrunn skal leve saman uten problem og konflikt så må me bli flinkare på å sjå kvarandres behov, og benytte sakleg dialog framfor å gøyme oss bak kommentarfelt og stygge blikk på gata. 
Men heile poenget med gjensidig respekt er at det skal vere nettopp det; gjensidig. Det skal gå begge vegar, og når så mange hevdar ditt og hevdar datt og diskrimenerer enkelte grupper men allikevel pratar om gjensidig respekt, då har dei misforstått.
Det enkelte må klare å forstå er at det ikkje er noko i veien med å ha eit multikulturelt samfunn. Mangfold er positivt, me treng at ingen er like. Ikkje minst må me vere strenge på å aldri tillate oss å gløyme at eit menneske er eit menneske. Alle skal bli sett på som eit individ, og ikkje berre som ein ansiktslaus del av ei gruppe. 

  

Herlighet, dette innlegget vart mykje lenger enn eg hadde tenkt. Kudos til deg om du orka å lese alt saman! Ikkje fullt så kudos til meg sidan mitt andre innlegg som ~*~Topplistebloggar~*~ ikkje inneheldt eit einaste ord om verken sminke eller dagens outifit :-( 

 Hehe.

 

Men sånn for avslutte litt seriøst.

 

Eg veit ikkje kor mange gongar eg har blitt anklaga for å vere naiv dei siste dagane. Det er i alle fall mange. Men eg vil heller ha ei innstilling som gjer at eg blir sett på som naiv, dersom alternativet er å ha ei innstilling som gjer at eg er rasande og livredd for nokon eg ikkje kjenner, kun på grunn av den personens hudfarge, religion eller kulturelle bakgrunn.

 


 

 

Med det sagt ynskjer eg alle ei riktig god helg!

 

 

Edit: Etter ein oppmerksom og lettare irritert lesar gjorde meg oppmerksom på nokre feil angåande rettigheter og lovfesting av å kunne fjerne kors frå kapeller og bedehus har eg gjort nokre endringar i teksten, så no håpar eg alt stemmer. Det gjekk litt fort i svingane når eg gjorde research, beklager det dersom det var nokon fleire som følte seg støtt/provosert.



26 kommentarer

Då ei fjør vart om til ti fordomsfulle høns, også kjent som den gongen eg vart kvalm av Facebook

Eg seier som mi kjære mormor pleier å seie: Du kjære all verden!
Du kjære all verden så mykje rart og ikkje minst skremmande eg har lese i dag.

Alt på grunn av denne saka: 

Her er altså saka, kort fortalt: Nyhetsoppleser Siv Kristin Sællmann vart bedt av NRK-leiinga om å slutte å bruke kors-smykke på tv, fordi NRK hadde fått inn klager frå sjåarar.
Antakelegvis fordi sjåarane meinte at korset ikkje passa inn hos ein nyhetsoppleser som er pålagt av NRK å ikkje gå med smykker o.l. som ikkje er religiøst eller politisk nøytrale.
Om det er litt voldsomt at sjåarar reagerer på bruk av eit 1,4 cm langt gullkors på tv er jo ein diskusjon i seg sjølv, mange meiner at ein bør tåle såpass. Eg er i grunnen einig. Men eg meiner også at dersom ein skal tåle å sjå f.eks korsbruk på tv, så bør ein også tåle andre religiøse symbol. Og der er folk flest tydelegvis veldig einige i at det bør me i alle fall ikkje tåle. "Det skulle jo tatt seg ut dersom ein nyhetsoppleser gjekk med hijab!!!!!" Men NRK er ein kanal eigd av staten, og då må den enten forhalde seg nøytral, eller inkludere alle. Det er i alle fall mi meining.

Så, allereie der oppstår det jo ein heilt annan diskusjon, som er såpass kompleks, at eg ikkje skal ta den her og no.

Fordi! Det eg skulle fram til er nemleg at denne saka er eit godt eksempel på fjøra som vart til fem høns. 
Ikkje minst er det eit godt eksempel på kor ille det kan gå når veldig mange sinte folk får eit felles mål å angripe for å verne om noko.
Saken handlar jo om at sjåarar har ringt inn å klaga på dette korset. Kven disse sjåarane er, og kva religion dei tilhøyrer er det vel kanskje berre NRK-leiinga som veit. Det har i alle fall ikkje bekrefta nokon stad kva etnistitet eller religion dei har.

Men vent litt, det virker som folk flest veit veldig godt kven dei som klaga er.  

Desse kommentarane er henta frå facebooksida "Ja til å bære korset når og hvor jeg vil" som passerte 70 000 likes på litt over eit døgn.

Eg gjentek: det har ikkje stått nokon plass at dei som ringte inn klagene ikkje er etnisk norske, eller at dei er, som det ofte blir referert til, muslimske.
Men desse "argumenta" går igjen og igjen på denne sida. Som forresten er ei fin side dersom ein vil sjå god, gamaldags framandfrykt i fri utfoldelse.

I tillegg til innlegg av denne typen gjekk det mykje i at det fekk vere nok med desse ekstreme haldningane til muslimar. Veit ikkje kven som er dei ekstreme her, eg.

Eg veit faktisk ikkje heilt kvar eg skal gjere av meg. Eg blir litt kvalm. Desse kommentarane er plukka ut frå hundrevis av liknande kommentarar. Dei som prøver å antyde at diskusjonen er heilt på ville vegar er i mindretal.

Tenk at det finns så mange nordmenn i 2013 som går rundt og er så sinte, redde, mistenksame og ukritiske til å sjekke fakta. Så ille er det, at ein diskusjon som handlar om at ein einaste  nyhetsopplesar vart bedt av NRK om å ikkje gå med kors på tv, vart  omgjort  til å handla om at PÅ GRUNN AV MUSLIMAR SKAL NORSKE FOLK BLI NEKTA Å GÅ MED KORS!!!!

Tenk at korset blir brukt som eit slags symbol på å vere norsk i denne samanhengen. Ein er ikkje meir eller mindre norsk alt etter kva for ein religion ein vel å ha eller ikkje ha.

Det er så sjukt trist og provoserande. Ikkje minst er det utruleg urettferdig ovenfor alle dei som faktisk berre vil gå med kors fordi dei er kristne eller synes det er eit fint symbol, å gjere om debatten til handle om framandfrykt og fordommar.

---

Hjelpe meg, det vart langt og rotete dette her. 
Hovudpoenga mine er i alle fall:

1. Det er ingen som veit kva for ein etnistitet, religion eller livssyn dei som klaga har. Det finns derfor ikkje noko grunnlag for å henge ut enkelte grupper.
2. Det er ingen som skal nekte ALLE å gå med kors på privaten. Det er her snakk om ein nyhetsopplesar. Som har valgt å jobbe i ein statleg eigd kanal og dermed visste om at kanalen er religionsnøytral utad.
3. Det har så langt ikkje vore noko oppslag i media eller noko innlegg frå nokon "utlendingar" som har blitt fornærma pga flagget og/eller riksvåpenet, men dette biletet har likevel blitt delt hyppig på Facebook. Eg berre nevner det.




4. Norge er ikkje i fare. Eller, det einaste me står i fare for er å faktisk bli eit land fylt av framandfrykt og fordommar.

Og sist, men ikkje minst, det eg har tenkt veldig mykje på i kveld:
Kva er eigentleg mest respektlaust mot kristendommen?
Er det å
a) Ringe inn ei klage fordi ein ikkje vil at nyhetsopplesarane i NRK skal bære kors? 
eller
b) Bruke korset, eit kristent symbol, som noko å gøyme seg bak for å starte ein debatt som er usakleg, til tider hatefull, og som ikkje er basert på faktiske bevis for å fremme sine eigne påstandar om at enkelte menneske som kjem til Norge berre er ute etter å undertrykke "oss andre" og ikkje klarar å respektere folk rundt seg?

Før sinte kommentarar begynner å tikke inn vil eg berre understreke to ting:

Eg respekterer alle religioner og livssyn, og at folk trur på forskjellige ting. Eg har stor respekt for kristne verdiar og kristne symbol. Eg brukar gjerne smykker som f.eks kors sjølv, men ikkje slik som nokon har oppfordra til på Facebook, for å aksjonere mot at folk har andre meiningar enn meg. Eg bruker det fordi det er eit symbol på ein religion som for meg har gode verdiar om å ta vare på menneske rundt seg, og fordi eg har fått smykkene frå folk som eg er glad i.

Derfor forstår eg også at folk reagerer på at NRK er så strenge, det gjer eg verkeleg. Men igjen, dei er ein kanal eigd av staten Norge, og såvidt eg har skjønt, må NRK difor enten ha ein heilt religionsnøytral profil, eller inkludere alle religionane i Norge like mykje.

 

Heilt, heilt til slutt vil eg gjerne dele eit godt sitat av Bjørn Eidsvåg, som mange hadde hatt godt av å lese i dag.
"Religion skal bygge folk og skjerpe vår humanitet, gjøre oss mer empatiske og gjøre livet vakkert rundt oss. Gjør det ikke det, så er det ikke verdt noen ting." 



200 kommentarer
Les mer i arkivet » November 2013 » September 2013



Borghild. 20 år gamal journalistikkstudent busatt i Bergen (Men i sjela er eg 70 år. Minst.) Bloggar om ting eg meiner er viktig, pluss litt andre ting som berre er gøy. Kontakt: borghildvevle@hotmail.com

+ Legg meg til som venn

KATEGORIER

ARKIV

SISTE INNLEGG

DESIGN

  • Albiss.blogg.no
  • hits