LINKNAVN LINKNAVN LINKNAVN LINKNAVN LINKNAVN LINKNAVN

Det store, skumle oppfølgingsblogginnlegget

Då eg natt til onsdag posta det forrige blogginnlegget mitt tenkte eg i mitt stille sinn at dersom eg fekk over 100 likes, slik som eg hadde fått på innlegget eg hadde posta før det igjen, så kom eg til å bli sjukt glad.

Så de kan jo tenka dykk korleis eg har det no. Innlegget har fått nærmare 15 000 likes. Det er heilt fullstendig vilt!! Bloggen ligg på 1. plass på blogglista, det hadde eg aldri på ein million år forventa. Eg er heilt overvelda. Av og til tenker eg at eg berre har innbilt meg alt saman.

Så det eg gjerne vil seie er: Tusen tusen tuuuusen takk til alle som har likt, delt, og ikkje minst tusen takk for alle dei utruleg fine kommentarane eg har fått både på facebook og her på bloggen. Eg er så rørt! Når folk skriv til dømes "tusen takk for at du sett ord på det eg føler" eller "du har nok ei lysande framtid som journalist framfor deg!" Då blir eg så glad at de anar ikkje.
Eg veit ikkje heilt kva meir eg kan skrive. Tusen, tusen takk. Verkeleg. Tenk at det finns så mange fine folk der ute <3

 Innlegget har jo fått godt over 100 kommentarar, og i byrjinga hadde eg planar om å svare på kva enkelt. Det gjekk fint heilt til eg vakna om morgonenen, sjekka bloggen og såg at det var kome nesten 40 kommentarar i løpet av kvelden/natta. Då tenkte eg eeeh okei ny plan.

Derfor vil eg gjerne svare litt generelt på ein del av det som har blitt kommentert.
Det ser kanskje ikkje sånn ut, men eg har faktisk aktivert førehandsgodkjenning av kommentarar etter ca dei første 20 kommentarane. Dei aller fleste valgte eg å godkjenne, fordi mange berre var hyggelige, og dei som var ueinige med meg har jo rett til det, så lenge dei var realtivt saklege og begrunna kvifor. 
Til sammen har eg vel kanskje sletta rundt 10 kommentarar eller noko? Ikkje så gale, med andre ord. Nokre fordi dei hadde såpass rasistisk innhald at eg ikkje vil ha det på bloggen og nokre gjekk på personangrep og det føler eg heller ikkje var vits i å ha i kommentarfeltet. Og så var det eit par kommentarar eg eigentleg ikkje hadde tenkt å godkjenne, som var av typen "du må skrive bokmål, ingen skjønner denne stygge dialekten din!!!" Men eg synes det er for morosamt til å ikkje dele, haha. Lo godt av dei. #sniknynorskifisering

 Det som har gått igjen i ein del kommentarar er at folk er ueinige med meg når det gjeld at vi ikkje har noko å frykte. Mange er oppriktig overbevist over at Norge kjem til å bli eit islamstyrt land dersom me ikkje set foten ned. Andre igjen innleier gjerne med at dei ikkje vil bli anklaga for framandfrykt, det synes dei er fordomsfullt av meg. Etter å ha innleia kommentaren med det, fortset dei gjerne med at dei fryktar eit framandkulturelt samfunn fordi me då mister det gode, gamle, trygge Norge. 

...

Kvar skal eg byrje? Til alle dei som tilsynelatande er så redde for snikislamifisering og meiner Norge kjem til å bli eit "sharialand" om nokre år, og kallar meg naiv fordi eg ikkje ser det; kvar i all verda får de det fra? Ikkje har de statistikk å vise til, ikkje fakta, alt er berre rykter og «sånn er det berre!» 
Det finnes riktignok ikkje nøyaktige tal på den religiøse tilknytninga Norges befolkning har, men SSB har gjort eit anslag og  funne ut at 
 antall muslimer i Norge ligg på eit tal ca mellom 100 000 og 185 000, det vil seie 2-4 prosent av befolkninga. 
Folk går med andre ord rundt og er redde for at 2-4 prosent av befolkningen av ein eller annan grunn skal ha ynskje om å kuppe heile landet og ta over makta? ...Jaha.
Eg har også registrert at mange har ein slags teori (mange påstår at det er fakta) som går ut på at i 2060 kjem det til å vere fleirtal av muslimar i Norge. 
Vel...
"I SSBs befolkningsfremskrivninger for 2060 antar vi at det blir 6,9 millioner mennesker i landet. Av disse antas 1,7 millioner å være innvandrere eller født i Norge med to innvandrerforeldre. Om lag 1 million av disse vil ha sin bakgrunn utenfor EU, det vil si at nærmere ½ million kan være muslimer i 2060. Dette utgjør bare 7 prosent av folkemengden."  
7 prosent der altså. Det var visst litt mindre enn over halvparten ja. 
(Kjelde: SSB via http://morgenbladet.no/ideer/2011/muslimsk_flertall_i_norge#.Unyj5fldBSI

Mange brukar også argumentet at innvandrarar, og då blir det spesielt referert til muslimar, krev at mellom anna korset fjernast frå både flagget, politibilar osv. I 2010 var det ein del rykter som gjekk om at korset i flagget muligens måtte fjernast på bakgrunn av ein rettsak i Italia, og dette har blussa opp igjen no grunna ein falsk artikkel på ei tullenettavis. Reaksjonen frå Islamsk Råd til saken i 2010 var: "Norge er et kristent land. At dette gjenspeiles i flagget synes jeg er uproblematisk." Her er dei verkeleg ute etter å fjerne korset ja. Etter eit par nyhetsoppslag av denne typen høyrde me vel ikkje noko særleg meir om det. (http://www.vg.no/nyheter/innenriks/artikkel.php?artid=10008625)
At riksvåpenet fjernast frå politibilane er i hovudsak eit resultat av fornying av designet. Ikkje grunna massiv protest frå våre nye landsmenn, som så mange hevder. (http://www.dinside.no/899959/riksvaapenet-er-borte-paa-de-nye-politibilene
Når det gjeld diskusjonen om at kors skal fjernast frå kyrkjegardar og gravstøtter så er det mange som har misforstått veldig. Det er bestemt at i Norge skal alle gravferder skje med respekt for avdødes livssyn eller religion. Derfor må ein del kapell og/eller bedehus som er tiltenkt å brukast av alle endrast for at dei skal vere såkalla livssynsfleksible eller livssynsnøytrale. Når Human-Etisk forbund har ytra ønske om dette, har dei med andre ord lova på si side utifrå kva eg har forstått. (Det er etter kva eg kan finne ut av ingen andre grupper utanom HEF som har ytra ynskje om å til dømes få fjerna kors frå kapeller, berre sånn for ordens skuld.)

Og så må eg berre få kommentere eit av kronargumenta; «Me er eit kristent land, basert på kristne verdiar!»
Den norske statskyrkja vart som sagt avvikla i 2012, og eit fleirtal av den norske befolkning anser seg ikkje som religiøse i det heile. Dermed blir det litt feil å seie at Norge er eit kristent land dersom me tenker på Norge "i praksis" (som vart ein rar setning) Sjølv om me baserer oss på både kristne og humanistisk verdiar vil eg tørre å påstå at det for det meste er humanistiske verdiar som i dag preger samfunnet vårt.

Eg kan til dels forstå at enkelte kanskje er bekymra (det vil ikkje dermed seie at eg synes dei har noko grunn til det, eller at eg forsvarer det) Norge ser nok annerledes ut no enn for f.eks 30 - 40 år sidan, og forandringar skremmer jo mange uansett kva det gjeld. Og ja, det har vore enkelte tilfelle der innvandrarar frå konservative religiøse miljø kjem med ytringar som kanskje kan virke litt voldsomme for etniske nordmenn som ikkje har kunnskap om deira bakgrunn. Men dei fleste innvandrarar tilpassar seg samfunnet vårt og kulturen vår, og då er det latterleg, urettferdig og ubegrunna å dra alle over ein kam og seie at "sånn og sånn er dei, alle som ein!" Det er uhyre respektlaust. I alle fall med tanke på kva "bekymra" nordmenn synes det er greit å lire av seg. Det er ein del ekstreme meiningar å spore blant der også, for å seie det mildt.

Når dette er sagt må eg understreke at eg meiner gjensidig respekt, slik mange pratar om, er kjempeviktig. Dersom menneske med forskjellige overbevisningar og forskjellig bakgrunn skal leve saman uten problem og konflikt så må me bli flinkare på å sjå kvarandres behov, og benytte sakleg dialog framfor å gøyme oss bak kommentarfelt og stygge blikk på gata. 
Men heile poenget med gjensidig respekt er at det skal vere nettopp det; gjensidig. Det skal gå begge vegar, og når så mange hevdar ditt og hevdar datt og diskrimenerer enkelte grupper men allikevel pratar om gjensidig respekt, då har dei misforstått.
Det enkelte må klare å forstå er at det ikkje er noko i veien med å ha eit multikulturelt samfunn. Mangfold er positivt, me treng at ingen er like. Ikkje minst må me vere strenge på å aldri tillate oss å gløyme at eit menneske er eit menneske. Alle skal bli sett på som eit individ, og ikkje berre som ein ansiktslaus del av ei gruppe. 

  

Herlighet, dette innlegget vart mykje lenger enn eg hadde tenkt. Kudos til deg om du orka å lese alt saman! Ikkje fullt så kudos til meg sidan mitt andre innlegg som ~*~Topplistebloggar~*~ ikkje inneheldt eit einaste ord om verken sminke eller dagens outifit :-( 

 Hehe.

 

Men sånn for avslutte litt seriøst.

 

Eg veit ikkje kor mange gongar eg har blitt anklaga for å vere naiv dei siste dagane. Det er i alle fall mange. Men eg vil heller ha ei innstilling som gjer at eg blir sett på som naiv, dersom alternativet er å ha ei innstilling som gjer at eg er rasande og livredd for nokon eg ikkje kjenner, kun på grunn av den personens hudfarge, religion eller kulturelle bakgrunn.

 


 

 

Med det sagt ynskjer eg alle ei riktig god helg!

 

 

Edit: Etter ein oppmerksom og lettare irritert lesar gjorde meg oppmerksom på nokre feil angåande rettigheter og lovfesting av å kunne fjerne kors frå kapeller og bedehus har eg gjort nokre endringar i teksten, så no håpar eg alt stemmer. Det gjekk litt fort i svingane når eg gjorde research, beklager det dersom det var nokon fleire som følte seg støtt/provosert.



26 kommentarer

Elina

08.11.2013 kl.13:47

En fryd å lese! Utrolig behagelig å lese fornuft av et menneske med vett i hodet. Kunne ikke på en million år sagt det bedre selv. Helt enig med deg!

Per Esben Svelstad

08.11.2013 kl.14:56

Du er min helt. Det er ikkje meir å seia.

kims

08.11.2013 kl.15:12

De fleste innvandrere integrerer seg, men faktum er at på sikt vil ikke-vestlig innvandring hvis vi forsetter på dagens nivå ruinere hele velferdsstaten vår. Det er begrenset hvor mange år vi kan holde på å ha en av verdens mest generøse asyl og flyktningsordninger hvis du fortsatt ønsker å ha dagens levestandard. Dette er slått fast av Brocmann, Firsch-senteret, SSB og Finansaavisen hadde en lengre reportasjeserie om dette. Slutt å utale deg om ting du ikke har en fjerneste kunnskap om.

kims

08.11.2013 kl.15:19

Innvandring er kun positivt hvis den er bærekraftig, dagens innvandring er det ikke på noen som helst måte. Det er urettferdig mot oss innfødte og de innvandrerne som kommer som ønsker å ta del i vårt flotte samfunn, Jeg ser du nevner muslimer, og jo da, det er flere utfordringer knyttet til muslimske innvandrere enn de fleste andre, f .eks er det slik at muslimske innvandrere topper statistikken over dårligst arb.deltakelse, de åtte nederste landene er muslimske. F.eks har norsk-pakistanske kvinner, selv med lang botid, en særdeles dårlig arb.deltakelse, kun 3 av ti er i jobb, mens godt over 60 % av etniske norske kvinner jobber. I tillegg er innvandrerne fra muslimske land også de mest kriminelle vi har, sammen med rumenere og lituaere. Somaliere, irakere, afghanere er alle overrepressentert med tregangen på kriminalstatistikken. Innvandring er ikke bare fryd og gammen, dagens linje er faktisk en trussel mot det velferdssamfunnet vi er blitt så vant til. Du fremstår som ignorant og kunnskapsløs.

kims

08.11.2013 kl.15:22

http://www.minervanett.no/muslimers-meninger/

Verse god, opplys deg selv. Artikkelen omhandler PEWs undersøkelse om holdningene til verdens muslimer. Skremmende og overraskende lesning for deg vil jeg tro.

Ida Marie

08.11.2013 kl.15:31

Vei du, Borghild, det at du har klart å nå fram til så mange med verdiane dine (som eg syns er heilt fantastiske) gjer at eg føler meg midre einsam. Det høyres veldig teit ut, men eg trur vi er mange som har hatt eit lite behov for å få bekrefta det oppi all den hatefulle diskrimineringa, at vi er mange som meinar som du gjer, og at vi er mange som vil møte det multikulturelle med varme og ikkje med hat, for trist nok er det eit mindretal som kjem med ytringar frå den sida. Du er dyktig, og det du skriv om fortener all den merksemda det kan få!

(og herregud iiik du skriv på nynorsk, du ligg på topplista, heilt på toppen, eg elskar det! Ivar Aasen dansar i grava!)

08.11.2013 kl.15:38

Kjempe bra skreve, Borghild! Ser fram til å lese meir frå deg ;)

Lina

08.11.2013 kl.16:22

Heilt fantastisk! :D alt det Ida Marie over her sa ;) enig! Eg blir så stolt og glad over å lesa det du skriv. Du er utruleg klok, velformulert og reflektert! Stå på vidare! :D og hurraaaaaa for at du er på topplista utan dagens outfit :) kan ikkje bli bedre ;)

Anette

08.11.2013 kl.19:21

Tusen takk for fantastisk gode, velformulerte og medmenneskelige innlegg. Vi trenger en stemme som din!! Klem fra Anette :)

Silje Eid

08.11.2013 kl.20:01

Takk for at du skriver disse innleggene! Forhåpentligvis klarer man å endre det snevre synet til enkelte:)

Ekstra god helg til deg:)

Warlizard

08.11.2013 kl.21:39

Fantastisk!

Nina

08.11.2013 kl.22:04

Du er helt utrolig! Din positive, elskverdige syn på verden gir meg håp.. Jeg lurer på hvorfor mennesker som deg sitter bak en skjerm og skriver når du burde styre verden, og det mener jeg! <3

Henriette

08.11.2013 kl.23:19

NEI, NEI OG ATTER NEI!

Jeg finner det helt latterlig at du sitter her og peker på at det ikke finnes noen statistikker eller fakta hva angår Norges utvikling mot et islamisert samfunn. Har du fakta som beviser det motsatte? Ingen som sitter her kan anslå hvilken utvikling Norge vil ha om 50 år. Du kan lese statistikker til du blir grønn i ansiktet, men akkurat som med så mye annet er det umulig å forutsi hvilken hendelser som vil intre i fremtiden og hvilken betydning disse hendelsene vil ha for eventuell invandring.

Videre må jeg med all vennlighet be deg pent om å slutte å uttale deg om juridiske fragmenter ved denne debatten før du har tilstrekkelig med kunnskap om det. Subsidiært anmoder jeg en god dose statsvitenskap. Ordlyden i Grl. § 2 er klar og tydelig. Norges verdigrunnlag skal være basert på vår KRISTNE OG HUMANISTISKE ARV. Ikke mer eller mindre av det ene eller andre målt etter hva som måtte behage deg. Samtidig er det verdt å nevne at grunnloven er lex superior, hvilket også innebærer at trinnlavere regler skal være i tråd med de verdiene Grl. §2 fastsetter.

Så til det jeg vil kåre til 2013s desidert mest uvitende utsagn:

"Dette kjem med andre ord som ei følge av endring i grunnlova, og dei som har ytra ønske om konkrete tiltak når det gjeld fjerning av kors, er Human Etisk Forbund. Som har sin fulle rett til det med tanke på endringa av loven."

HVOR HAR DU HJEMMEL FOR DETTE? Igjen, slutt med det juridiske før du har tilstrekkelig kunnskap om det. Dette er feil, feil,feil fra ende til annen. Bare fordi noe opphører som statskirke gir ikke dette andre rettigheter til å endre på denne institusjonen. Dersom bygget du bor i går fra å være statslig eid til å være privateid gir ikke det andre rett til å be deg fjerne verandamøblene dine. HALLO???

God helg :-)

Borghild

08.11.2013 kl.23:57

Henriette: Hei Henriette! Berre lurer på om du har statistikker som beviser det motsatte av dei statistikkane eg viser til? For det hadde i såfall vore interessant å få sjå på med tanke på at du virker til å ha ei anna oppfatning enn meg om kva som kjem til å skje.
Synd at du tolker det som eg meiner at Norges verdigrunnlag baserast på det som behager meg. Dersom du les blogginnlegget mitt ein gong til vil du kunne sjå at det eg meiner er at det norske samfunnet per i dag er meir prega av humanistiske verdiar enn kristne. Med dette tenker eg på likestilling, homofiles rettigheiter og liberal familiepolitkk blant anna. Eg meiner ikkje at grunnlova skal vere basert meir på det eine eller det andre, men tenker heller på kva me baserer oss mest på i praksis.
Vidare vil eg gjerne forklare kva eg meinte med utsagnet om Human-Etisk forbund. Slik eg har forstått det kan HEF ytre ønske om at eit kapell eller bedehus blir gjort livssynsfleksibelt eller livssynsnøytralt dersom det er meint til å kunne brukast av alle, uavhengig av religion. Eit eksempel på ei slik sak er denne: http://www.varden.no/nyheter/skjuler-korset-med-maling-1.8012404 Her står det også meir om korleis det er vedtatt ved lov: http://fritanke.no/index.php?page=vis_nyhet&NyhetID=9174
Slik eg forstod det kom dette av ei endring i grunnlova med tanke på å skille stat og kyrkje, men eg innser no at det nok blir feil, og tar kritikk på det. Eg skal endre teksten i blogginnlegget mitt der det er omtalt. Men slik eg forstår det har HEF likevel lova på si side når dei ynskjer å få fjerna kors frå enkelte kapell og bedehus. Her er forresten link til den aktuelle loven det blir referert til, dersom du ikkje er interessert i å lese saka om det på HEF sine sider. http://lovdata.no/dokument/NL/lov/1996-06-07-32#map001

Mari

09.11.2013 kl.00:05

Blir så utrolig glad når jeg leser innleggene dine! Du skriver så godt og inspirerende.

Syns denne saken om korset har utviklet seg til en mye større debatt enn den originalt var.

Jeg kjenner jeg blir direkte provosert når folk begynner å dra inn kommentarer som "da må vi vel fjerne korset på flagget, da?" eller "skal folk plutselig ikke få lov til å være kristne, er det religionsfrihet?" Det er ikke dette saken handler om! NRK har valgt å ha nyhetssendinger uten religiøs påvirkning fordi de skal opptre objektivt. Dette betyr at de som leser opp nyhetene ikke skal bære noe form for religiøse symboler den ene timen de er på lufta. Selvfølgelig får de lov til å bære slike symboler ellers! Vi opptrer i mange ulike roller i livene våre som krever sitt. En i nyhetene i NRK må spille rollen som objektiv nyhetsanker der og da fordi det er en del av jobben, rett og slett.

Hvordan hadde vi reagert hvis kvinnen hadde hatt på seg hijab? Jeg tror ikke vi hadde fått store grupper på Facebook som demonstrerte mot dette i en like stor grad som nå. Jeg mener nordmenn (kanskje ubevisst) motsier seg selv i denne saken. De mener at damen fra NRK må få ha på seg korset, men samtidig tror jeg mange ikke ville ha godtatt hendelsen hvis kvinnen hadde hijab, nettopp fordi dette (for nordmenn) er mer unormalt, ukjent og kanskje noe mer vanskelig å godta enn det vi er vant til. Jeg mener at hvis vi skal godta kors må vi også godta andre religiøse symboler.

- Ha en super helg!

IDCT

09.11.2013 kl.11:42

Ny favorittblogg. GAHD! Stå på girl!

Christina

09.11.2013 kl.12:04

Hvis du vil bli jounalist, burde du kanskje begynne å skrive på bokmål? Jeg får ikke lyst til å lese kun pga dette, som er synd når det kommer noe annet enn rosabloggere på topplista.

Borghild

09.11.2013 kl.12:34

Christina: Viss det at eg skriv nynorsk gjer at du ikkje får lyst til å lese så er det desverre ditt problem :-) Eg kjem nok aldri til å legge om til bokmål frivillig, då nynorsk er det skriftspråket som er naturleg for meg,

cinekrist

09.11.2013 kl.14:40

Heisann. Eg tenkjer å studere noko som heiter kultur og kommunikasjon. Det går ut på journalistikk, psykologi og kultur lære. Problemet mitt er at eg veit ikkje kor eg kan få arbeid etter utdannelsen då den ikkje følgjer med ein "yrkes-tittel". Tenkte eg kunne spørje deg om kor du tenkje å arbeide, og om du veit nokre yrkesretningar som kan være lur?

Fekk ikkje heilt til formuleringa på dette her, men, men..

Du skriver veldig gode artiklar, om viktige saker som mange av den norske befolkninga hadde hatt godt av å lese. Du er eit stort forbilde. :)

Borghild

09.11.2013 kl.15:15

cinekrist: hei, og tusen takk! <3 Eg har desverre ikkje noko godt svar på det du spør om, men dersom du snakkar med ein rådgivar på skulen din eller ringer til informasjonsansvarleg på skulen du skal studere på får du sikkert vite det du vil :-) Sjøl har eg lyst til å jobbe i radio eller papiravis dersom alt går etter planen.

Anna

09.11.2013 kl.18:31

Norge bør ha flere journalister som deg! Urettferdig at en så god og reflektert jente som deg må tåle så mye usakelig kritikk! Noen tar kampen i kommentarfeltet på VG mens du skriver blogginnlegg som har dybde og kunnskap! Heier på deg!

Elisabeth

09.11.2013 kl.23:02

Du fortjener absolutt all den oppmerksomheten du får. Stå på!

j

10.11.2013 kl.01:20

dumme bolletryne. trenger å få deg en reality-sjekk, og et bokmål kurs.

Borghild

10.11.2013 kl.01:54

j: Hei j! Takk for kreativt og kult kallenamn! Ville berre opplyse om at "bokmål kurs" skal skrivast i eitt ord :-) Så kanskje me snakkast på kurset? Klem frå Bolletrynet.

Beate

10.11.2013 kl.20:35

Eg heiar på deg!

11.11.2013 kl.10:25

Du er flink.

Skriv en ny kommentar



Borghild. 20 år gamal journalistikkstudent busatt i Bergen (Men i sjela er eg 70 år. Minst.) Bloggar om ting eg meiner er viktig, pluss litt andre ting som berre er gøy. Kontakt: borghildvevle@hotmail.com

+ Legg meg til som venn

KATEGORIER

ARKIV

SISTE INNLEGG

DESIGN

  • Albiss.blogg.no
  • hits