LINKNAVN LINKNAVN LINKNAVN LINKNAVN LINKNAVN LINKNAVN

Mi stemme.

Før eg byrjar dette innlegget må eg berre seie at eg eigentleg ikkje burde skreve det i det heile. Eigentleg veit eg for lite om politikk, både på landsbasis og i lokalt til å uttale meg. Eg er berre ein dritunge på snart tjue år, og burde absolutt haldt kjeft.
Men eg har trass alt ei stemme, og den vil eg bruke.

Eg var 17, snart 18 år då eg byrja i sommarjobb hos heimkommunen min. Osterøy kommune. No, to år seinare skjønar eg ikkje korleis eg orka å jobbe der så lenge. Eitt år som ringevikar og eit nesten eit år som meir eller mindre fast ansatt. 

Eg har flytta no, studerer på fulltid og bur åtte minutt frå Bergen sentrum. Men framleis tenkjer eg ofte på korleis det var å jobbe i den vesle heimkommunen min. Ei øy i ein fjord ein times busstur i frå Bergen. Ofte tenkjer eg på korleis det er for alle dei som jobbar i små kommunar heile livet. Tenkjer på dei som treng at kommunen tar vare på dei, enten når dei er born eller som eldre. Dette innlegget er til alle dykk. Det er dykk som driv Norge. 

Statsministeren vår likar å seie at Norge er eit av verdas rikaste land. Det merkar dei ikkje så mykje til i til dømes Osterøy kommune. Dei merker det ikkje i barnehagane der dei har kjøpestopp på andre året. Dei merker det ikkje på barneskulane som blir lagt ned, ein etter ein. Dei merker det ikkje på institusjonane der folk jobbar overtid på overtida, og dei merker det ikkje på sjukeheimen der dei har tredje dagen på rad utan tid til matpause.
Barnehageborna som ikkje har nok leiker å leike med merkar det ikkje. Førsteklassingen som ikkje fekk ha førskuledag fordi politikarane ikkje hadde funne ut kor dei skulle gjere av alle elevane som mista skulen sin på grunn av skulenedlegginga merker det ikkje. Ho på 90 år som har ringt på heimehjelpen heile natta utan svar merker det ikkje.

Norge er berre verdas rikaste land for nokon. For mange av dei små kommunane i landet er det ein heilt annan realitet som rår.
Eg har møtt så mange som jobbar så inderleg hardt, og som så gjerne vil. Men kommunen et dei opp, ein etter ein. Det må vere forferdelig å ha ein jobb du elskar, men som du gruar deg til å gå på om morgonen fordi du veit du ikkje rekk over alt du burde rekke over i dag heller.

Det er forferdelig at mange kommunar fortsett å køyre på, og drive heilt utan hensyn til dei ansatte. Eg har jobba på fire forskjellige stadar i kommunen, og alle plassar vart eg møtt av dei same tre setningane:

Vi har ikkje tid
Vi har ikkje folk
Vi har ikkje pengar

Det er ikkje nok folk til å fylle inn alle vaktene. Det er ikkje nok folk til å gje nye folk opplæring. Det er ikkje nok pengar til utstyr og løn. Eg har ikkje tal på kor mange gongar eg jobba 14-timars vakter utan overtidsbetaling. For sånn er det berre nøydt til å vere i ein slik kommune.
Eller kor mange gongar eg har stått heilt rådlaus i ein situasjon på jobb på grunn av manglande arbeidserfaring i høve til ansvar, og manglande opplæring i høve til situasjonen. Kor mange gongar eg har tenkt at dette her burde ikkje vore mogleg i Norge i 2013. Det er ein klisjé, men det er sant.

Kor mange gongar drøymde eg ikkje om det, der eg enten stod og febrilsk forsøkte å halde styr på 20 ungar fordelt på meg og ein til kollega, eller når eg såg på klokka at det berre var ti timar til eg var ferdig på jobb, og eg hadde allereie vore der i fire. Eller når eg stille, stille leste bibelvers på sengekanten til ein som aldri fekk sove. Stille fordi eg visste at eg fekk kjeft dersom den eine hjelpepleiaren oppdaga det. Kor mange gongar drøymde eg ikkje om det når eg for tusande gong fekk høyre at me ikkje hadde tid. Eller folk. Eller pengar.

Ja, kor mange gongar drøymde eg ikkje om det då, drøymde om å la ordføraren ta ei vakt eller to. La ho springe frå morgon til kveld utan matpause. Eller rådmannen. Eller til og med statsministeren. Ofte måtte eg flire. Det var for surrealistisk.

Eg veit ikkje kven som har skylda for at dei slit ut kommunane sånn, til det nesten ikkje er meir å slite ut. Veit ikkje om det er dei øvst oppe på stortinget si skuld, eller om det er dei lengst nede i kommunestyret. Det same kan det vere. Poenget og det viktige her er at alle dei lovnadane som forblir tomme, og aldri vert heldt, dei påverkar utruleg mange.
Politikarar; hels på folket. Det er oss det går utover når de lukkar augo og nektar å sjå konsekvensar.

No før valet er det prat, prat, prat. Med store ord og tomme løfter forsøker alle å desperat å klore til seg eit par siste velgjerar før valet. Eg drit i det. Det er første gong eg skal stemme men eg gruar meg. Eg gruar meg til å stemme fordi eg føler at det ikkje skjer noko forandringar uansett. Fordi dei tomme lovnadane er så fjernt frå dei få tinga som kjem til å faktisk bli gjennomført.

Gruar meg fordi eg ikkje klarar å stole på at det har noko som helst å seie for han som ligg einsam på eit halvmørkt sjukeheimsrom midt på dagen, og eg gruar meg fordi det ikkje har noko å seie for ho som spring i korridorane og har dårleg samvit fordi han ligg der.

Gruar meg fordi eg ikkje klarar å stole på at det gjer noko forskjell for alle dei borna som ikkje veit kvar dei får byrje på skule. For alle dei som har nokon i familien som så sårt treng ekstra pleie, men ikkje har nokon som kan ta i mot dei.
Eg kjem til å stemme, så klart gjer eg det. Men det er ikkje utan skepsis og tvil.

For uansett kven som styrer, og uansett kven som har skylda så verkar det som om det er akkurat det same. Tomme løfter og tomme ord.

Og det er dei same, trufaste folka som heldt hjula i gong. Som slit seg ut i barnehagar, skular, bufellesskap, sjukeheimar, sjukehus. Som heldt kjeft og fortsett, sjølv om det er kjøpestopp, mangel på folk, for mange pasientar, for lita tid, for lite pengar.

Men ein dag kjem til å seie stopp. Og kva skal politikarane gjere då? Utan folket?

Norge er verdas rikaste land for nokon. Verdas beste land i å bu i for nokon. Men ikkje for alle. Eg skulle likt å høyrd ein politikar faktisk svare meg på kvifor det er slik. Enten det var ordføraren i heimkommunen min eller Stoltenberg sjølv.

Eg har ikkje jobba i kommunen i 30 år. Mange kjem til seie at eg ikkje veit kva eg pratar om. Dei har kanskje rett, men eg trur likevel eg veit litt kva det går i, etter mine to år i jobb i ein kommune på randen av samanbrot.
Og til dykk som faktisk heldt ut år ut og år inn i den same jobben på den same arbeidsplassen utan å klage på pengar og tid og mangel på folk; dykk er mine helter. Alle ære til dykk. Takk, for at de heldt ut.

 

Dette vart eit rotete blogginnlegg, og mest sannsynleg kjem det ikkje til å utgjere nokon forskjell for noko som helst. Men eg har i alle fall brukt stemma mi til å seie mi meining i eit forsøk på å få føle meg høyrd. For det er det som er viktig å ikkje gløyme: uansett kor lite det og meiningslaust det kjennes så er det jo trass alt ei sanning i at kvar einaste stemme teller.

 

Hugs å bruk di stemme. Godt val!

 



9 kommentarer

Michelle- Mamma'n til Arian

06.09.2013 kl.00:06

Godt skrevet :) Er så enig med deg. De skriker ut at de trenger flere utdannede pleiere, men når man tar utdanningen, er det ingen jobb å få, fordi man skal spare penger. Mindre folk resulterer i sykemeldinger fra faste ansatte, som er utkjørte og utbrente. Dette er en endeløs sirkel, som blir verre med disse innsparingene. Syns de som styrer kan komme seg ut på gulvet og få kjenne litt åssen det er å jobbe under slike omstendigheter...

Ingrid

06.09.2013 kl.00:14

Dayum gurl, du skriver bra!

Frøydis

06.09.2013 kl.09:38

Bra, Borghild!

Dette var veldig godt skrevet, du tar situasjonen mange kommunalt ansatte er i på kornet.

Vi står foran et viktig valg, kanskje det viktigste på mange år. Derfor er det viktig at alle bruker stemmeretten, også førstegangsvelgerne.

Spørsmålet er om ting blir så mye bedre ved regjeringsskifte. Det du tar opp her handler om kommuneøkonomi. Da Erna var kommunalminister sist strupte hun overføringene til kommunene sånn at de fikk enda mindre å rutte med. Vil hun gjøre det igjen? Og hva med de rødgrønne? Hvorfor har de styrt i åtte år og ikke fått kommuneøkonomien på fote igjen etter JernErnas kutt? Hvor lenge skal vi finne oss i å ha det sånn?

Du har et godt fokus og et våkent politisk øye, Borghild.

Godt valg til alle førstegangsvelgere.

Borghild

06.09.2013 kl.10:06

Frøydis: Tusen takk for det! :-)
Heilt einig med at det er eit viktig valg men synes også det er eit vanskelig valg. På den eine sida har vi ein regjering som ikkje har gjort noko på åtte år, men som eg personleg deler verdiar med. På den andre sida har vi ei regjering eg ikkje delar verdiar med, men samstundes kan det vere vi treng regjeringsskifte for landet sitt del. Skummelt å vere førstegongsvelgar og vere så i tvil!

06.09.2013 kl.12:30

Innlegg til Bygdanytt! ?

Malin Rasmussen

06.09.2013 kl.23:14

Flink du er Borghild !!!:) Småkommuner er møkkastedene ass

borghild

08.11.2013 kl.07:47

det e så kjekt å vita at eg ikke eden eneste som hete Borghild :D

Vilje

08.11.2013 kl.23:38

eg er berre femten år. ung. dei vaksne seier eg ikkje forstår. men dette forstår eg. du opna auga mine. tusen takk. når du blir journalist, så håper eg du skriv slik som dette. vi treng sånne som deg i media. lykke til og stå på!

Bjørn Ove

09.11.2013 kl.03:33

Hei:)

Eg vil fysrst sei at det var eit meget bra innlegg:). Eg er heilt enig med deg i det du skriver. Eg kjente at eg blei meget provisert av det politikane sa under årets valgkamp. Det verste er son som du skriver i innlegget, at dei brukker tome ord, man kan nesten tro at dei bare seier noe. Men man får ein følelse av at dei ikkje veit kva dei snakke om. Og som du skriver at det er dei som jobber i kommune som virkelig får kjenn det på korpen. Det verste er jo at dei som har vert med og bygd opp landet, får ein dårlig behandling. Og unger som ikkje kan starte på skulen får den er lagt ned. Då blir det Faen meg heilt feil av politiker og sei at vi er "verdens rikeste land" . Får vist vi var "verdens rikeste land", så hadde ting vært bra. Men son er jo det ikke, det er søren meg langt i fra. Men det som og gjelder er at politikerne snakker og bruker ord som ungdommer forstår, noe som ikke blei gjort under valg kapen. Hadde dei det så hadde jo valg resultatet våre heilt annerledes.

Men eg ønsker deg masse lykke til videre i utdanningen din som journalist.

Hilsen:

Bjørn Ove. R. ,

Skriv en ny kommentar



Borghild. 20 år gamal journalistikkstudent busatt i Bergen (Men i sjela er eg 70 år. Minst.) Bloggar om ting eg meiner er viktig, pluss litt andre ting som berre er gøy. Kontakt: borghildvevle@hotmail.com

+ Legg meg til som venn

KATEGORIER

ARKIV

SISTE INNLEGG

DESIGN

  • Albiss.blogg.no
  • hits